Nom kommuneplan.


Hva tid er kommuneplanen
forventet ferdig behandlet? Evnt. Kan nom allerede nå begynne ekspropiering av amr sine påståtte rettigheter ?
Redigert 29.07.2019 kl 01:30 Du må logge inn for å svare
Corelli
29.07.2019 kl 08:25 3085

Neste kommunestyremøte er i September og så er det 3 til etter der før Sunnfjord kommune tek over.
Carbo
29.07.2019 kl 10:11 2987

Hvis det blir nødvendig, ekspropieres det uansett ikke før driftskonsesjon er gitt.
Dette er imidlertid ikke noe stort dilemma.
Det er en svært liten del av dagbruddet som ligger på Vevrings side, og som dermed er gjenstand for ekspropiering.
NOM kan utføre enkle justeringer som gjør at hele bruddet faller på Engebøsiden.
John9
29.07.2019 kl 10:43 2947

Det kan bli satt opp ekstra kommunestyremøte i August. Ekspropriasjon er i gang. Einnsynn.no
unotert
29.07.2019 kl 12:42 2859

Det er vel naturlig for å få reguleringssaken ut av verden. Utsettelsen forsinker håndtering og høring knyttet til driftskonsesjon.
Knudis
29.07.2019 kl 19:38 2678


Ordførar orienterte om at saka vert sett opp på nytt og at kommunestyret då vert konstituert 22. august
Boss 99
30.07.2019 kl 08:27 2496

Da er det jo ikke så lenge til da? Her er det ennå muligheter for å skaffe billige aksjer.
Knudis
30.07.2019 kl 09:10 2446

Det er vel ikke sikkert at det blir satt opp noe møte 22 august men at et eventuelt konstituert kommunestyre er på plass da. Vi får bare følge med på møteplanen fremover.
reid-han
30.07.2019 kl 09:49 2376

Skal vel godt gjøres å konstituere nytt kommunestyre, før valget !!!
_HH_
30.07.2019 kl 10:13 2338

Konstituere nytt kommunestyre betyr vel berre i denne samanhengen at dei møtast fyrste gang etter ferien. Blir ikkje noko nytt kommunestyre i Naustdal enn dei som er valgt no. Dei sit til 01.01.2020.
Knudis
30.07.2019 kl 10:31 2305

okei. Tenkte de ville ut ifra habilitetsvurdering sette opp med eventuelle vara rep for å handsame denne saken spesielt.
_HH_
30.07.2019 kl 10:36 2296

Eg har ikkje fått med meg dette møtet. Stod det i firda?
Knudis
30.07.2019 kl 10:40 2292

Står i møtereferatet fra 27.06 i kommunestyret
_HH_
30.07.2019 kl 14:41 2031

Her står det også at det er habilitetsspørsmålet som er årsaka til utsettinga.
_HH_
30.07.2019 kl 14:44 2023

Slik eg tolkar referatet så er planen at saka opp til handsaming den 22. august .
drot
16.08.2019 kl 09:32 1576

Da er saksdokumentene til møte 22.8 lagt ut.
Kjekt for en NOM-investor å lese vurderingen til kommuneadvokaten vedr AMR =D
https://www.naustdal.kommune.no/innsyn.aspx?response=mote&moteid=1279&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=10244&;
abroker
16.08.2019 kl 09:46 1541

Og kjekk lesing at nå er kabalen i ferd med å gå opp opp borte i Finnland og man kan starte produksjonen av Litium når som helst hos Keliber?
NOM gleder seg!!!
Redigert 16.08.2019 kl 09:47 Du må logge inn for å svare
reid-han
16.08.2019 kl 10:17 1494

Likte spesielt denne fra kommuneadvokaten;
"For AMR fremstår forslaget som et forsøk på ren obstruksjon, som ikke har noen egenverdi ut over å ødelegge for AMR"."
drot
16.08.2019 kl 10:47 1444

Så når statens vegvesen forlanger båndlegging rundt en tunnel, så har det ingenting med å ivareta vevringfolkets infrastruktur å gjøre. Det er kun ren sabotasje av AMRs visjoner. Må si noen virker lettkrenket her..
Gudrunyo
16.08.2019 kl 13:05 1332

De prøver seg på alt de kan, men faktum er at de har ingen ben å stå på. Tenk å tro at man har krav på milliarderstatning på noe helt teoretisk og uten substans.

en kamp om å få solgt på lavest mulig kurs som vanlig

For oss som kjøper så er det bare å takke til de som gir bort aksjene sine. Er det Engebø motstanderne vi kan takke? I såfall "smaker" det ekstra godt?

Endelig kvitt amr. Ekspropiering neste takk.
Skulle ønske det var mulig å gå til økonomisk erstatningssak mot dem , for all denne treneringen.

Stakkars Firda. Ikke en lyd der fra. Snakk om f...avis.

Hvorfor ligge ut en link til noe som er bak en betalingsmur?? Hvis du, Knudis har tilgang til artikkelen, kan du kopiere og lime inn.

Saken frå Firda:

Fleirtalet i Naustdal vedtok Engebø-planen. SV fryktar mange år i rettsvesenet for Sunnfjord kommune.


– Det er gått åtte år sidan vi vedtok reguleringsplanen, no skal vi vedta ei detaljregulering. Eg synest ikkje det har gått fort, mellom anna har eg fått tid til å få tre barn, sa Steinar Kvame (H) og heldt fram:

– Det er skrive side opp og ned i avisa, reguleringsplanen har vore anka på alle moglege måtar og er stadfesta av Kongen i statsråd. Endringane som ligg der no er forbetringar.

Slik summerte Steinar Kvame (H) fleirtalssynet i Naustdal kommunestyre. Ap, KrF og Høgre var ikkje interessert i å ta fleire rundar om deponi, krav til framtidig gruvedrift, og alternative driftsmetodar.

Mot røystene til SV, Sp og Venstre, godkjende Naustdal kommune detaljreguleringa slik ho var føreslått av Nordic Rutile/Mining.

Detaljplanen er i hovudsak ei meir detaljert utgåve av reguleringsplanen som allereie er vedtatt. I detaljplanen er det gjort mindre endringar som mellom anna handlar om plassering av sørvissenter med bygningar, infrastruktur og omfanget av massedeponiet på land.

Rådmannen meiner endringane er forbetringar. Mellom anna viser han til at vegen til dagbrotet, som først var planlagt høgt i terrenget og synleg frå Vevring, vil bli lagt lågare og i tunnel inn i dagbrotet. Elles er det gjort mindre justeringar, som ifølge rådmannen ligg innanfor rammene til den eksisterande reguleringsplanen.

Det har komme mange innspel til detaljplanen. Rådmannen meiner dei fleste innspela handlar om spørsmål som er opp til andre å ta stilling til. Til dømes kven som har rett til dei ulike minerala og kva som er den beste driftsforma.

– Eg registrerer at det er diskusjonar om kva som er den beste måten å utnytte mineral på. Det er positivt for Naustdal at vi har ein så verdifull ressurs, men dette er det andre myndigheiter som regulerer, sa rådmann Øyvind Bang-Olsen med referanse til konsesjonssøknaden som no er til behandling hos Direktoratet for mineralforvaltning.

– Rådmannen seier at planen er aktørnøytral. Det er tullprat, han er laga heilt på Nordic Rutile sine premissar, sa SV og Åsmund Berthelsen.

Han viste til at Nordic Rutile/Mining sitt framlegg om å bandlegge ressursen i ein sylinder kring tunnelen går rett inn i planane til grunneigarane på vestsida og Arctic Mineral Resources (AMR). Selskapet har varsla erstatningssøksmål dersom bandlegginga blir vedtatt.

– Vi kan ikkje i forbindelse med ei sak om arealbruk blande inn andre spørsmål som kan medføre problem for kommunen, sa Bang-Olsen, som åtvara om at eit vedtak til disfavør for Nordic Mining også kan føre til søksmål.


Han erkjente likevel at det er eit poeng at enkelte grunneigarar ikkje ønsker at planen skal bli vedtatt, men streka samtidig under at arealet allereie er regulert til mineralverksemd og at detaljreguleringa ikkje endrar på dette. Kommunen tar ikkje stilling til kven som har eigarskap til ressursen, eller kven som har det beste prosjektet.

Rådmannen nektar for at bandlegginga av tunnelen er ein snubletråd som er lagt inn for å hindre AMR i å konkurrere med Nordic Mining. Bandlegginga er dessutan ikkje er eit problem, meiner han, fordi det er opna for drift nærare tunnelen dersom det let seg dokumentere at slik drift er trygt.

Sjølv om tunneltryggleik var behandla allereie i den godkjende reguleringsplanen, og sjølv om Statens vegvesen har opplyst at dei ikkje har stilt krav om ei slik bandlegging, meiner rådmannen den nye omsynssona er nødvendig for å sikre tryggleiken i tunnelen.

SV gjorde to forsøk på å hindre at planen vart vedtatt. Først føreslo partiet at saka skal utsettast og overlatast til Sunnfjord kommune. Grunngjevinga for dette var at det er Sunnfjord kommune som må ta konsekvensane av planen, til dømes eit mogleg søksmål.

Berre SV, Sp og V røysta for å overlate saka til Sunnfjord. Sp-gruppa mangla tre representantar, men det hadde uansett ikkje vore fleirtal for framlegget då Høgre, Ap og KrF som vanleg røysta i blokk.

Då framlegget om utsetting fall, meinte SV at saka måtte avvisast fordi detaljreguleringsplanen er for dårleg. Ei avvising ville i praksis betydd at Nordic Mining måtte ha utarbeidd eit nytt framlegg.

Grunngjevinga var den same som for utsetting, men det vart også argumentert med at det er vesentlege endringar i prosjektet som gjer at føresetnadane for mellom anna fjorddeponi ikkje lenger kan vere gyldige.

Heller ikkje dette framlegget fekk fleirtal. Røystene fordelte seg på same måte som i utsettingsforslaget.

Ingen vurdert som inhabile

Vedtaket om detaljreguleringa for Engebø skulle eigentleg gjerast i siste møte før sommarferien. I dette møtet vart det stilt spørsmål om habiliteten til fleire av kommunestyremedlemmane, utan at nokon vart nemnde med namn.

Vedtaket om detaljreguleringa for Engebø skulle eigentleg gjerast i siste møte før sommarferien. I dette møtet vart det stilt spørsmål om habiliteten til fleire av kommunestyremedlemmane, utan at nokon vart nemnde med namn.

Saka vart utsett både for å få vurdert juridiske spørsmål i samband med trusselen frå AMR, men også for å få betre tid til å sjå på habilitet. Habiliteten til tre personar vart vurdert i kommunestyret.


LES OGSÅ
Engebøplanen vart send i retur. Skal vurdere politikarane sin habilitet
Steinar Kvame (H) har ein bror med aksjar i Nordic Mining til ein verdi av rundt 100.000 kroner. Han er også aktør i Sunnfjord Industripartnar AS, som håpar å konkurrere om anbodet på utbygging av anlegget til Nordic Rutile på Engebø. Kommunestyret vedtok, mot røystene til SV og Sp, at Kvame er habil fordi det ikkje er inngått noko kontrakt mellom Sunnfjord Industripartner og Nordic Rutile, og fordi broren sin aksjepost er så liten at det ikkje fører til inhabilitet.

Odd Gunnar Røyseth (AP) fekk habiliteten vurdert fordi han leiger ut lokale til Nordic Rutile i dag. Kommunestyret vedtok at Røyseth er habil, mot røystene til SV, Sp og Venstre, fordi vedtaket ikkje får direkte konsekvens for leigeforholdet eller Røyseth sine inntekter på leigeforholdet.

Ole Erik Thingnes (SV) fekk sin habilitet vurdert fordi han er leiar i Vevring grendelag som har uttalt seg i saka. Grendelaget er ikkje part i saka etter forvaltningslova, men kan kanskje oppfattast som det likevel. Det var Anne Britt Øyra (H) som bad om vurderinga, fordi ho hadde plukka opp debatten i Firda der ein aksjonær i Nordic Mining har hevda at Thingnes er inhabil. Kommunestyret vedtok samrøystes at ein ikkje blir inhabil som politikar for politisk engasjement.

Ingen vart erklært inhabile, men SV har varsla at dei vil krevje lovlegkontroll av vedtaket.



Det var som et svar til person som bannet og steiket over at Firda ikke hadde laget sak på dagens vedtak, for å vise at de nå hadde det.

Ja jeg har tilgang, men nei jeg kommer ikke til å spandere tilgang på deg m.fler.

Hvis det er meg du sikter til så spiller det sikkert ikke store rollen. Hoho.

Ja siktet til deg.
Ser noen har lagt ut artikkelen, så da sparte du de myntene.