egle - Eagle Bulk Shipping

Cepheus
21.12.2016 kl 16:27
4160

Dette er en arkivert tråd!
Tenkte eg skulle starte ein tråd som omhandla tørrlasteselskapet Eagle Bulk Shipping (EGLE) der overskrifta ikkje inneheldt orda - 'chapter 11' - sidan dette er eit tilbakelagt stadium.
Eagle er i dag eit av verdast største - om ikkje det største - rederi innan supramax dry bulk (DWT 50' - 60'). Dei opererer i alt 42 skip der 2 er i handysizeklassen, 39 i supra og eit i ultramax (2016-bygget Stamford Eagle på 61 530 dødvekttonn innkjøpt i november for $18.85 mill.). Dei har også kjøpt eit resolgt ultramax nybygg fra Chengxi Shipyard med levering i januar 2017. Kjøpesummen for dette siste bygget er $17,9 mill. og det vil bli døypt Singapore Eagle og skal visstnok vere 64000 DWT. Etter dette siste kjøpet vil dei inneha ein flåte på 43 tørrlasteskip der dei fleste er supramax som er bygget i årene 2001/02 til 2011 (hovudtyngda i 08-11).
Etter chapter 11 hausten 2014 så har selskapet refinansiert gjelda, skrive ned skipsverdiane og henta eigenkapital (emisjon i juli der dei henta $88 mill.), så i dag framstår EGLE som eit solid shippingselskap notert på nasdaq. I forrige veke slapp dei nyhenda om at dei har fått garantert ein retta emisjon mot 52 større strategiske aktørar (derav 15 norske) og dei skal hente inn nye 100 millionar dollar. Planen skal godkjennast av aksjonærane på nyåret - og det blir den jo...
I dag består selskapet av omlag 48 million aksjar og vil etter den kommande emisjonen ha i overkant av 70 million då dei i denne vil utstede 22,2 millionar aksjar til $4,50.

I dag ser kursen ut til å gå rette vegen og ligger i skrivande stund og vipper rundt $6 og dei vil med ein slik kurs ha ein Mcap på under $300 mill (ca $420 mill etter emi.)...
Dersom ein har trua på tørrlast i åra som kjem og at vi no står føre ein syklisk oppgang for denne type skip, så kan jo eit refinansiert og sterkt Eagle Bulk vere eit alternativ godt som nokon.
Arkivert